– Eg er svært glad for at det er så stor turisttrafikk i Lom, men noko må gjerast med denne situasjonen. Trass i at vi før sesongen regulerte området med ny, oppdatert skilting og i tillegg har tilrettelagt med enda fleire parkeringsplassar på Klokkargardtomta, er det likevel kaos i området ved bussterminalen, seier ordførar Bjarne Eiolf Holø.

Han vart sjølv vitne til kaoset da Senterpartiet hadde eit møte på Smak i Lom måndag ettermiddag. Han observerte fleire bilistar som ignorerte absolutt alt som var av skilt. Stoppskilta vart ignorert, parkering forbode-skilta vart det same. Einvegsreguleringa vart òg ignorert. Det var total forvirring, og da det kom køyrande ein rutebuss som skulle sleppe av og ta på nye passasjerar, vart han rett og slett ståande. Bussen hadde inga sjanse til å kome fram.

– Ein bussjåfør sa til meg at dersom det ikkje blir orden på dette kaoset, kjem dei snart til å nekte å køyre der i det heile tatt. Det forstår eg inderleg godt, seier ordførar Holø.

Han fortel at det er sett av fylkeskommunale midlar til å oppjustere bussterminalen og rydde opp i dei trafikale utfordringane i 2016.

– Men det hjelper ikkje for situasjonen slik han er nå. Vi må gjera noko så fort som råd. Eg vil med ein gong prøve å få tak i to til tre ungdomar, eller andre, som vil ta på seg å vera landsbyvert og parkeringshjelp i Lom sentrum resten av denne hektiske turistsesongen. Eg håpar fylkeskommunen kan vera med på eit spleiselag for å sikre framkome for rutebussane og trafikktryggleiken i området, seier ordføraren.