AV HANS ANDREAS SOLBAKKEN

Den velstelte setra tok imot dei over 150 frammøtte med åpne armar, til ein fantastisk konsert i eit småkaldt opphaldsver.

Eigar av setra, Torø Ellen Marstein, kunne fortelja at dette var fjerde gongen seterkonserten vart arrangert. Konferansier Finn Sandum leia dei frammøtte gjennom konserten med gode kommentarar og flotte dikt.

«Æ det nuggun som ha sett en Odd Jakobsen her?», kom det frå Sandum då konserten eigentleg skulle ha starta. Somme hadde nok sett han tidlegare på kvelden, men ingen hadde sett han dei siste fem minutta. Plutseleg stod han på scena med munnspelet sitt, og etter ein fin start på konserten vart han burte att like brått som han kom. Heldigvis fekk vi eit glimt av han også etter pausekaffen, så vi trengde ikkje sende ut nokor etterlysning.

Etter ein sjekk av programmet kunne konferansieren gjeve stafettpinnen vidare til Øyvind Sandum og Bjørn Kåre Bråten Odde. Dei to musikarane frå henholdsvis Lalm og Garmo sette verkeleg stemninga med Per-Erik Moraeus sin komposisjon, Koppången.

Høgdepunkta var mange og stemninga var god på Åsen laurdag kveld. «Speledåsen» frå Vågå, hadde fleire Prøysen-songar i repertoaret sitt og i tillegg framførte dei Sigurd Biløygards «Fjellvandring» med tekst skreve av Ove Tidemansen. «Speledåsen» si tolking av Jotunheimvisa var kanskje det vakraste som har vore framført i 10 kalde varmegrader, 800 meter over havet, nokon gong.

Etter pause fekk vi høyre Finn Sandum framføre nok eit dikt som Bjørn Kåre tonesette med Fanitullen. Da Mari Eide Lindsheim frå Skjåk fekk sleppe til på scena, fekk publikum verkeleg smurt øyregangane sine. Med si særeigne og flotte stemme framførte ho med stoisk ro blant anna diktet «Vegvill» av Jan Magnus Bruheim, som ho sjølv har tonesett.

Til slutt i konserten fekk vi nok ein gong høyre på Sandum og Odde som briljerte med eigenkomponerte musikkstykker og musikk frå sine største idole. Avslutninga deira med «Den flyvande öen» sette eit verdig punktum for ein glimrande konsert.

Sjå og les meir frå konserten i Fjuken på papir 6. august.