Frå 3. juli til 1. august skal representantar frå fylkespartiet besøkje alle kommunane i Oppland.

– Undervegs skal vi samle inn saker og innspel frå folk vi møter. Desse skal overleverast til parlamentarisk leiar Marit Arnstad på valkampopninga til Oppland senterparti på Rudi gard den 8. august, fortel Ivar Odnes, som toppar Senterpartiets fylkestingsliste. Saman med fylkeslistekandidat Aud Hove har han vore med på store delar av turneen rundt om i fylket.

– Vi vil møte folk der dei er. På det viset får vi kjennskap til saker som er viktige for folk lokalt, slår han fast.

Ein iPad har vore med på rundreisa i fylket. I denne er det lagra filmar og bilete frå heile fylket. Skjåk Sp har passa på å få med aktivitetar, mat, fjell, natur, alt partiet er stolte av å syne fram. Måndag vart stafettpinnen, det vil seia iPaden, overlevert frå Skjåk Sp til Lom Sp.

Dei to ordførarkandidatane, Elias Sperstad for Skjåk Sp og Bjarne Eiolf Holø for Lom Sp, fortel at dei vil samarbeide tett og godt.

– Vi har mange felles mål i programma våre, slår Elias Spertstad fast og nemner gode tenestetilbod til innbyggjarane, fokus på primærnæringa, lokal mat, betre vegar og bygging av gang- og sykkelvegar gjennom dei to kommunane som døme på viktige saker dei vil arbeide for.

Vidar Vange i Skjåk Sp syrgde for å overrekkje iPaden vidare til Marit Sletten i Lom Sp. Dei to kom i kvar sin traktor. Foto: Vigdis Kroken