Fylkesopplæringssjefen avviste tidlegare i månaden eit ynskje, frå fem av seks ordførarar i regionen, om at elevar som hadde avdeling Lom som fyrsteval på studiespesialisering måtte få starte vidaregåande opplæring der til hausten.

Dei tre avdelingane innan Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule (NGVGS); Hjerleid, Otta og Lom har alle fått dimensjonert 30 plassar kvar på studiespesialisering. Elevar kan prioritere kva avdeling dei helst vil gå på. Langt fleire enn det er dimensjonert for, vil gå i Lom. Langt færre enn det er dimensjonert for, vil gå på Otta.

Fylkesopplæringssjefen avviste ynsket, men ordførar Bjarne Eiolf Holø i Lom gjev seg ikkje. Han vil ha fire klasser i Lom, alternativt èi stor fyrsteklasse.

Han oppmodar framleis Oppland fylkeskommune til å auke den økonomiske ramma.

– Slik at skulen som heilskap blir rusta til å kunne tilby flest mogleg av skulen sine søkjarar plass ved den avdelinga dei primært ynskjer og som er nærast heimplassen. Eg meiner at det som eit ekstraordinært tiltak er rett å nytte ekstra ressursar for å løyse dette nå, for deretter å legge ei langsiktig vurdering til grunn før fylkestinget skal vedta framtidig dimensjonering, skriv Holø til fylkesopplæringssjefen.

Holø ber vidare om at det blir sett på kostnaden med eit slikt ekstraordinært tiltak opp mot kostnadar til ekstra busstransport og samfunnsmessige kostnadar ved at fleire enn naudsynt må velja ei hybeltilvere.