Det er nok ein gong mykje vatn rundt hanglidersenteret i Vågå. Foto: Arve Danielsen

Det varme vêret har sett fart i snøsmeltinga, og i løpet av det siste døgnet har elvene «flogje» skikkeleg opp vest i Ottadalen.

Ottaelva er regulert, men sideelvene Ostre, Tundra og Skjøle i Skjåk er «frie» og kjem med mykje smeltevatn og slam frå snø og brear.

I Vågå reddar ein nå utstyr frå hangglidersenteret som nok ein gong er truga av flaumen.  Sjå video frå Ofossen-området i Skjåk til høgre.

NVE publiserte kl 15.30 fredag efta oppdatert flaumvarsel, der Ottadalen er i kategori 3: Vassføring som kan føre til omfattande flaumskader på utsette stader.