Det var like før klokka 08.00 fredag morgon at brannvesenet i Vågå rykka ut etter melding om røykutvikling frå eit bustadhus på Tessand.

I følgje operasjonssentralen ved Gudbrandsdal politidistrikt var det brann i flis på loftet og brannvesenet.

Alle personane i huset kom seg ut og er i god behald.

Klokka 08.52 meldte politiet på Twitter at brannen er sløkt og at det ikkje er store skader. Brannvesenet blir på staden ei stund framover.