Det er fortsatt mykje snø i fjellet i Sør-Norge, meir enn det som er normalt på denne tida av året.

Frå midten av denne veka er det venta stigande temperatur, noko som vil føre til auka snøsmelting og auka vassføring i vassdraga frå fjellområda.

Nivået for gult varsel er venta nådd i fleire mindre vassdrag i løpet av torsdagen, melder Norges vassdrags og energidirektorat (NVE).