Neste år, i 2016, er det 100 år sidan Tor Jonsson vart fødd. Jubileet skal markerast og feirast på ulike vis.

Korkje Tor Jonsson-laget, Lom kommune eller Sparebank1 Lom og Skjåk er imponert over korleis det ser ut på Tor Jonssons plass. Dei har bestemt seg for å spleise på ei oppgradering, men kva skal gjerast?

– Nå ber vi bygdefolket om innspel. Det er spesielt to ting. Det eine er plasseringa av steinen. Han må vera på plassen, men skal han flyttast lenger bak eller skal han stå der han står i dag? Vidare må vi gjera området meir innbydande. Korleis skal det gjerast? Blomar, planter, benkar eller anna? Vi har eit par idear sjølve, men vil ikkje seie noko om desse før vi høyrer kva bygdefolket vil. Kanskje kan det kome opp spennande idear som vi ikkje har tenkt på, seier ein optimistisk Bård Hanem, styremedlem i Tor Jonsson-laget.

I samband med 100-årsjubileet vil det truleg bli gjort fleire grep. Blant anna har Tor Jonsson-laget planar om å leggje steinheller med Tor Jonsson-sitat rundt om i sentrum.

– Kanskje kan vi få innspel også her? Kva slags sitat ynskjer du skal vera med, og kvar skal vi plassere hellene? Ved biblioteket, kanskje? Eller andre stader? Ta kontakt og sei meininga di! oppmodar Bård Hanem. Han håpar på hjelp frå kreative sjeler.