Torsdag ved høgst dag brakar det laus. Da opnar innsjekkinga på campingen på Skjåkøygarden i Nordberg. Det er på nytt klart for countryfestival i Skjåk, og mellom 2.500 og 3.000 besøkande er venta.

Om lag 550 campingeiningar har førehandsbestilt plass på Countryfestivalen, men arrangørane Geir Ove og Lena Jenny Melby ventar mange fleire gjestar i løpet av helga.

– Kvart år er det mange som berre kjem, som ikkje har bestilt plass på førehand, seier Geir Ove Melby.

Han fortel vidare at det er merka opp 700 plassar på campingen, men om det skulle vise seg at det ikkje blir nok, så har arrangørane meir å gå på.

– Alle skal få plass, lovar Melby.

Mange er i sving under Countryfestivalen for å hjelpe til. Arrangørane fortel at dei kvart døgn skal ha om lag 130 personar i arbeid for å få gjennomført festivalen.

– Vi er svært takknemlege for alle som hjelp til før, under og etter festivalen. Utan desse folka så hadde vi ikkje greidd å arrangere countryfestival, seier Lena Jenny Melby.

Både fredag og laurdag blir det musikk frå 3 scener, 13 timar i strekk. Blant artistane som skal opptre på Countryfestivalen i Skjåk er Georgette Jones, Brian Mallery, Too Far Gone, Byting og Åsmund Åmli Band.

Som vanleg blir det også kyrkjekonsert i Nordberg kyrkje laurdag. Men allereie torsdag kveld brakar det laus med Sie Gubba på hovudscenen, og andre artistar inne på låven på Skjåkøygarden.

– Vi er svært klare for festival nå, og håpar å sjå mykje folk, både tilreisande og folk frå bygda, seier arrangørparet Geir Ove og Lena Jenny Melby.

Mange hjelp til før, under og etter festivalen. Frå venstre: Geir Ove Melby, Lena Jenny Melby, Kai Rune Melby, Bryan Clar, Eilif Rønningen, Maika Melby og Anders Heggebotn. Foto: Tom Erik Solstad