Ein motorsykkel kolliderte med eit vogntog i krysset ved Randen i Vågå rett etter klokka 14 onsdag ettermiddag.

Motorsyklisten, som var tysk, vart erklært død på staden. Det var to motorsyklar i følgje.

I krysset kom den eine motorsyklisten borti eit vogntog som kom frå fylkesveg 51 og stod i krysset for å svinge ut på riksveg 15.