Det var Ivar Kummen (Sp) som sa dette da formannskapet onsdag tok stilling til om det skulle løyvast 10 millionar kroner til forprosjektkostnader eller ikkje.

Investeringsprosjektet ny barneskule i Bismo er vedteke og innarbeidd i økonomiplanen for 2015-2018 med 117,8 millionar kroner. Skulen skal etter planen stå ferdig 31. desember 2017. Senterpartiet og Bygdalista, som saman har fleirtal i kommunestyret, er for. Arbeidarpartiet er mot.

– Styret i Skjåk Ap har hatt møte om denne saka, og vi har gjort eit vedtak: Vi vil gå mot denne løyvinga. Vi ynskjer ei konsekvensutgreiing av Nordberg skule, som vi har etterspurt fleire gonger. Denne har vi ikkje fått. Vi vil gå mot, varsla Bente Aamodt. Ho fekk støtte frå partikollega Heidi Banken Fallingen.

Ivar Kummen uttrykte stor begeistring for bygging av ny skule i Bismo.

– Dette er svært framtidsretta. Eg er aldeles sikker på at dette blir det beste for ungane våre. I tillegg blir prosjektet truleg det beste for Skjåk økonomisk. Å byggje om og på Nordberg skule vil bli minst like kostbart som å byggje nytt i Bismo. Det er utruleg kva det kostar når ein skal flikke på noko gamalt. Eg håpar inderleg vi får løyvd pengane til forprosjektet fort, slik at vi kjem i gang så fort som råd, sa han.

Arild de Presno (Bygdalista) sa seg samd.

– Eg ser dette som ei kolossalt positiv sak. Arbeidarpartiet har nemnt at økonomien er hovudgrunnen til at dei går mot nyskulen i Bismo. Kostnaden ved å renovere og byggje på Nordberg skule vil bli om lag den same. I tillegg vil nyskulen tene inn store summar på fyringa. Truleg vil det bli brukt anten jordvarme eller flisfyring, noko som ikkje går an ved Nordberg skule. Eg vil be Arbeidarpartiet setje seg ned for å tenkje grundig over kva dei meiner. Hjå dei er det nok meir kjensler inne i bildet enn økonomi.

Ordførar Rolv Kristen Øygard, Ivar Kummen og Arild de Presno røysta for å løyve 10 millionar kroner i forprosjektmidlar. Dermed vart det fleirtal tre mot to for rådmannen si innstilling. Saka går nå til sluttbehandling i kommunestyret.

– Eg er aldeles sikker på at ny skule i Bismo er det beste for ungane våre, sa Ivar Kummen (Sp). Foto: VIGDIS KROKEN