I eit brev til fylkesopplæringssjef Inge Myklebust skriv ordførarane:

«Som eit ekstraordinært tiltak for å sikre at flest mogleg av våre elevar får gå på den avdelinga dei ynskjer nærast heimstaden og på den måten vert verande som elevar ved NGvgs vil vi oppmode Oppland fylkeskommune som skuleeigar til å auke den økonomiske ramma til NGvgs slik at det for skuleåret 2015 kan setjast i gang fire klasser på Vg1 studiespesialisering, der det vert to klasser ved avdelinga i Lom. Ein vil da få fire tilnærma like store klasser med 20-23 elevar. Eit anna alternativ kan vere ei «storklasse» ved avdelinga i Lom. I den grad dette utløyser behov for tilrettelegging av meir areal i Lom vil Lom kommune vere behjelpelege med lokal».

Sel-ordførar Dag Erik Pryhn har ikkje slutta seg til brevet.

42 elevar har søkt om å få gå på avdelinga i Lom, men berre 30 får i utgangspunktet plass. 10. klassingane i Lom har engasjert seg i saka, og hadde eit møte med listetoppane i førre veke.

Fylkestinget skal seinare denne veka ha møte om saka.