Dersom du blir oppringd av eitt av fylgjande tre telefonnummer, må du ikkje ta den, eller ringe attende: 37178822297, 37178822298 og 37178822299.

Retningsnummeret viser at oppringinga kjem frå Latvia, og dette dreiar seg om rein telefonsvindel.

Politiet i Sogn og Fjordane gjekk fredag ut med ei åtvaring etter at fleire innbyggjarar i fylket hadde vorte utsett for svindelen.

Ved operasjonssentralen i Gudbrandsdal politidistrikt har dei så langt ikkje fått noko bekymringsmeldingar kring telefonsvindelen, men Fjuken er kjent med at fleire ottadølar dei siste dagane har vorte oppringd frå dei aktuelle nummera. Fleire har vorte ringd til både midt på natta og grytidleg om morgonen.

Felles ved alle oppringingane frå desse nummera som sluttar på 97, 98 og 99, er at dei ringjer berre éin eller to gongar, slik at du ikkje skal rekke å ta telefonen. Svindlarane har da eit håp om at du skal ringe attende, og da kan du fort bli blakk.

I fylgje Telenor kan desse oppringingane koste deg så mykje som 500 kroner minuttet.

Det er altså grunn til å vere ekstra på vakt, og styre unna desse latviske telefonnummera.