Skjåk kommune søkte i mars i år Fylkesmannen om at området Dønfoss får status som typisk turiststad og kan ha sundagsope om sommaren, i månadane juni, juli og august.

Fylkesmannen har behandla søknaden som forskrift, og syner til den vurderinga som kommunen har gjort.

I søknaden er det synt til at omsetnadstala for 2014 for Coop Marked Bruvoll i dei tre sommarmånadane utgjer 40,4 prosent av årsomsetnaden. Vidare er «nasjonalparkinfo i butikk» etablert og godt besøkt. Ettersom denne er bemanna av tilsette i butikken, er det eit moment som talar for at butikken også kan vere open på sundagar.

Skjåk kommune held fram i søknaden med at turisttrafikken har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, og at kommunen har satsa betydelege ressursar for å utvikle Dønfoss som ein viktig stoppestad og eit servicepunkt for turistar i Skjåk.

Fylkesmannen har vurdert dei momenta som kjem fram i søknaden opp mot lovteksta. Ein typisk turiststad er definert som eit område der salet i dei aktuelle områda i hovudsak skjer til turistar. Dette inneber at det dreiar seg om område der talet på turistar er stort i forhold til fastbuande, og der dei næringsdrivande er avhengig av turistsesongane.

Fylkesmannen meiner at Dønfoss tilfredsstiller vilkåra som typisk turiststad i lov om heilagdag og heilagdagsfred og førearbeida til lova, og godkjenner Dønfoss som typisk turiststad i månadane juni, juli og august.