Da Lom ungdomsskule vart renovert i 2006 vart det bestemt at Lom helseheim skulle drifte ei kantine ved skulen. I fjor fekk leiinga ved skulen beskjed om at helseheimen ikkje kunne drive kantina lenger.

Det var da Trond Volden og Einar Banken som jobbar ved skulen kom med eit forslag til skuleadministrasjonen, som etterkvart gjekk vidare til administrasjonen i Lom kommune.

– Forslaget vårt gjekk ut på at eg og Einar kunne ta på oss ansvaret med å drive kantina på skulen, under føresetnad at vi fekk delt den stillinga som Helseheimen hadde da dei drifta kantina, mellom oss, seier Trond Volden.

Karane sitt forslag vart godt motteke, og resultatet vart at skulen slapp å leggje ned den populære kantina.

– Vi har heile tida sett behovet for kantina ved skulen. Dette er ein samlingsplass, og det sosiale rundt det å ha eit kantinetilbod i matfri er viktig, seier Trond Volden.

Han trekkjer også fram at skulen har ein del fleirspråklege elevar, og at også desse har behov for denne sosiale samlingsplassen i skulekvardagen.

Kvar dag heile skuleveka tilbyr Volden og Banken sunn og næringsrik mat til elevar og tilsette ved ungdomsskulen, og dei har eit godt samarbeid med helsesystera som er innom ein gong i blant for å sjå til med kva elevane har i seg.

Sjølv om Lom helseheim måtte si frå seg kantineansvaret på ungdomsskulen i fjor, har skulen og helseheimen likevel eit godt samarbeid.

– Ein gong i veka kjøper vi varmrett frå helseheimen. Da lagar dei maten, også hentar vi den rett før den skal serverast, seier Volden. Éin eller to dagar i veka tilbyr kantina ein varmrett. Resten av veka er det koldtbord-buffet med brødmat og pålegg som ost, syltetøy og kjøtpålegg.

Trond Volden tykkjer driftinga av kantina saman med Einar Banken går fint, og er glad for at det vart ei løysing når Helseheimen måtte si frå seg ansvaret.

– Eg trur alle elevane ville ha sakna kantina dersom ho vart lagt ned. Lom ungdomsskule har lite sosiale problem, og mykje av det trur eg skuldast nettopp kantina. Kantina på Lom ungdomsskule er ein oase i skulekvardagen, sluttar Trond Volden.

Ein gong i blant er det vaffeldag i kantina, til stor glede for elevane. Foto: Tom Erik Solstad
Skulekantina er ein sosial møteplass. Foto: Tom Erik Solstad