Steelgitarist Alf Rune Melby frå Skjåk og dei andre medlemane i festcountrybandet «Vassendgutane» har grunn til å vere stolte.

I dag, fredag, hamna bandet på toppen av VG-lista Topp 40 med det nye albumet «Skru Opp!!» som vart lansert 15. mai. Dette er «Vassendgutane» sitt åttande album.

Dette er andre veka at det nye albumet til «Vassendgutane» ligg på VG-lista. Førre veke låg «Skru Opp!!» på ein fjerdeplass på lista. Festcountrybandet har med det hoppa opp tre plassar på lista den siste veka, og har med andre ord seld svært bra. «Skru Opp!!» har nå passert 13.000 selde eksemplar. I tillegg kjem lytting på nettet og nedlasting.

VG-lista er landets offisielle salsliste for musikk som blir publisert kvar veke. Listene er utarbeidd av organisasjonen IFPI som representerer platebransjen, for VG og NRK. VG-lista omfattar både singlelåter (Topp 20) og album (Topp 40). Listene blir publisert i VG kvar fredag, og blir sendt på NRK P3 i helgane. Salsliste for album, Topp 40, vart starta så tidleg som i 1967.

«Vassendgutane» er svært travle om dagen, og det har ikkje lykkast for Fjuken å få tak i Alf Rune Melby for ein kommentar fredag.