1.-5. august blir Landsfestivalen i gamaldansmusikk arrangert i Bismo. Det er venta fleire tusen besøkande på festivalen der det blir tevlingar, konsertar, dans og sosialt.

Randi Rust er leiar i hovudkomiteen for Landsfestivalen, og fortel at det framleis trengs mange friviljuge innan alle område. Dette gjeld mellom anna vakthald, sal og servering.

– I alt kunne vi tenkt oss mellom 350 og 370 friviljuge på festivalen. Til fleire vi er, til mindre blir det på kvar person. Mange har allereie meldt seg, men vi treng fortsatt mange fleire, seier Rust.

Ho lokkar med festivalskjorte, mat og inngangsbillett til dei friviljuge.

Ho oppmodar folk som er interesserte til å ta kontakt med einkvan i komiteen, eller å sjølv registrere seg som friviljug på nettsidene til Landsfestivalen.

– Tenk om vi kunne greidd å få ut vaktlistene allereie til sankthans, og vore ferdige med den biten så tidleg. Det hadde vore fantastisk bra, seier ein energisk leiar i hovudkomiteen.