Arbeidsgruppa for etterbruk av Marlo skule har vurdert fleire alternative bruksområde: Ungdomsklubben i Skjåk – alternativt felles ungdomsklubb med Lom, dansegruppa i kulturskulen, felles kulturskule Lom og Skjåk, lokale for religiøse seremoniar, utstillingslokale for ulike samlingar eller lokale for ulike lag og organisasjonar.

– Alternativet med lokalisering av felles kulturskule i Lom og Skjåk er ikkje relevant. Det kan framleis vera at Marlo skule kan vera base for friviljuge lag og organisasjonar, men både friviljugsentralen og det nye kontorfellesskapet i Bismo Vekst vil kunne tilby lokale for desse. For å kunne ha større fleksibilitet – og at det er moglege interessentar som vil kjøpe det gamle skulebygget – bør det lagast ei opning for å selja, heiter det i saksutgreiinga som i morgon, torsdag, blir lagt fram til behandling i formannskap og kommunestyre.

Rådmannen er samd i vurderingane frå etterbruksgruppa og rår politikarane til å opne for at Marlo skule kan leggjast ut for sal til høgsbydande. Det heiter i innstillinga at kommunen vil halde fram arbeidet med alternative aktivitetar dersom det ikkje er interesserte kjøparar.