Det seier Estin Lapschies, Halvard Strind, Ane Teigen Skaansar, Håvard Øverli Bore, Eilen Teigen Skaansar og Frøya Gjeilo.

Dei utgjer i dag Lom skulekorps, og øver jamt og trutt på instrumenta sine. Men dei seks korpsmusikantane skulle ynskje dei var fleire. Som mange andre stader treng korpset i Lom rekruttering.

I mange tiår har skulekorpsa i Ottadalen vore eit musikalsk og sosialt knutepunkt for ungdom og vaksne, og kva hadde vel 17. mai vore utan korpsmusikk?

– Korps er kult! Dessutan er det både artig og sosialt, er dei seks medlemane i Lom skulekorps samde om.

Lom skulekorps har for tida fellesøvingar med Vågå og Otta, der dei vekslar på kvar dei har øving. Til saman er dei bortimot 30 elevar når dei har fellesøvingar anten i Lom, i Vågå eller på Otta. Lom skulekorps er også så heldige at dei innimellom får øve saman med Lom og Skjåk brass.

I september skal dei unge korpsmusikantane delta på eit stort korpsseminar på Tusenfryd, og 13. mai deltek dei på «En magisk konsert» i Otta kulturhus. Saman med ein tryllekunstnar skal korpsmusikantar frå skulekorpsa i Lom, Vågå og Otta, og Otta musikkforening ha konsert.

Fyrstkomande onsdag kveld inviterer Lom skulekorps ungar med foreldre i Lom og Skjåk til «open kveld» i Steinfjoset.

Her kan dei som ynskjer få «prøvespele» på ulike korpsinstrument. Det blir også informasjon om korpset, instrumenta og kva som skjer framover.

Instruktørar frå Lom musikk- og kulturskule vil også bli med denne kvelden, sidan skulen frå hausten av har tilbod om opplæring på messinginstrument.

– Dette er noko det har vore arbeidd med i kulissane i lang tid, men det er fyrst nå musikk- og kulturskulen kan realisere dette tilbodet. Dette blir heilt nytt, og vi har fått med oss dyktige lærarar, seier rektor ved Lom musikk- og kulturskule, Kristbjørn Rossehaug, og nemner Odd Arne Oseberg og Reidar Svare som lærarane.

Rossehaug fortel vidare at han håpar det er elevar som fattar interesse for det nye tilbodet.

– Eg er optimistisk, og satsar på at tilbodet om opplæring på korpsinstrument er oppe og går frå skulestart i haust, slik at vi kan hjelpe til med litt rekruttering i korpsmiljøet, seier rektoren.

Påmeldingsfrist til korpsundervisninga i musikk- og kulturskulen er 1. mai, altså tysdag neste veke, og Kristbjørn Rossehaug er kontaktperson. Tilbodet er ope for alle frå 3. klasse og oppover, og sidan Lom musikk- og kulturskule og Skjåk kulturskule formelt blir éin skule frå 1. august, er også skjåkværar velkomne til å søkje.