To butikkar i Nord-Gudbrandsdalen var nominert til «Årets butikk Coop Marked» i region aust, med omsetjing under 12 millionar.

Dei to var Coop Marknad Lalm som tilhøyrer Coop Ottadalen, og Coop Marknad Lesjaverk som tilhøyrer Coop Innlandet.

- Det er andre året på rad at Lalm var nominert, men vi nådde ikkje til topps i år heller. Men det er stort å vere nominert også. Vi er blant dei tre beste butikkane i region Aust, skriv dagleg leiar i Coop Ottadalen, Rune Fossmo i ei melding.

Årets vinnar vart Coop Marked Lesjaskog.