Førre veke vart det kjent at ein tilsett i pleie- og omsorgstenesta i Skjåk hadde stole sterke narkotiske preparat. Vedkomande vart teken, og saka vart raskt oppklara.

Også i fjor sommar vart det stole medisinar frå medisinrom. Politiet set ikkje dei to tilfella i samanheng.

Dei to leiarane, Gudrun Teigen og Ingvild Mork, vedgår at sakene har hengt over alle tilsette i pleie- og omsorgstenesta.

– Dei tilsette har takla det godt, men det er klart at det har vore belastande. Likevel har vi ikkje mistenkt einannan, og vi har fokusert på å gjera ein god jobb for brukarane, seier Mork.

– Vi kjenner ikkje direkte nokor lette sjølv om dette nå er oppklara. Saka er uansett tragisk, seier Teigen.

Det var kontrollrutinar som gjorde at det siste tilfellet vart oppdaga raskt.

– Det vart oppdaga ved kontroll. Da innhaldet i ein medisineske ikkje stemte overeins med det som skulle vore teke ut, vart politiet oppringt og saka oppklara, fortel Mork.

Det er to medisinrom på Skjåkheimen, eitt i heimetenesta si avdeling og eitt på institusjonen.

Mork og Teigen syner Fjuken medisinromma og forklarar korleis handteringa av medisin er.

– Medisinromma er låst, og det er berre sjukepleiarar som har nøkkel og tilgang til desse. I rommet er det eit låsbart skåp som inneheld såkalla A-preparat (narkotisk medisin, journ. merk). Alle inn- og uttak av A-preparat, og nå også B-preparat («trekantmedisin», journ. merk.), blir registrert og kontrollert fortløpande i eit eige medisinrekneskap. Dette blir signert av to sjukepleiarar i fellesskap og arkivert i eigen pem på medisinrommet, forklarar dei.

Minst ein gong i månaden blir ein totalkontroll av medisinane gjennomført.

Etter at renoveringa av Skjåkheimen blir ferdig i sommar, vil ein få eit adgangskontrollsystem med nøkkelkort til medisinromma som registrerer alle som går ut og inn. Dette som ein ytterlagere kontrollfunksjon.

Dei fleste bebuarane på Skjåkheimen og heimebuande får medisinane sine frå multidosar. Det vil seia at all medisin kjem ferdig pakka og plombert frå eit sentralt apotek.

Skåpet med A-preparat er alltid låst, og alt som går inn og ut av skåpet blir loggført. Foto: Hans Erik Kjosbakken
Snart blir all trafikk inn og ut av medisinrommet registert elektronisk. Foto: Hans Erik Kjosbakken