Ambulansearbeidar Roar Berg driv sitt eige foretak som attåtnæring. Gjennom foretaket Roar Berg førstehjelps- og redningsveiledning kursar ambulansearbeidaren folk i alle aldrar i fyrstehjelp.

Måndag var det småbarnsforeldre som vart kursa på Vågå Frivilligsentral.

Det var overskotet frå bruktsalet til småbarnskafeen som finansierte kurset, der barn i spedbarnsalder og opp til åtteårsalderen var i fokus.

Gjennom det om lag to timar lange livredningskurset fekk foreldra høyre Roar Berg ta for seg viktige tema som brannskader, forgifting og akutte sjukdomar og kva ein gjer når ein kjem ut for ulike kritiske situasjonar. Hovudfokuset under kurset var når eit barn set fast noko i luftrøret.

– Dette skjer ofte blant barn. Blant dei yngste skal som regel alt puttast i munnen og da kan det ofte gå gale, seier kursinstruktøren.

Han demonstrerte korleis ein som foreldre skal stilla seg om ein opplever at barnet set fast noko i halsen, og kva ein bør og skal gjere om dette skjer.

Småbarnsforeldra som deltok på livredningskurset på frivilligsentralen tykte det var fint at det vart arrangert eit kurs retta mot dei yngste.

Kursinstruktør Roar Berg sette også pris på initiativet, og var takksam for at han vart spurd om å halde kurs retta mot barn.