Åsne H. Hagen og medhjelparane er i full gang med å delvis pusse opp lokala midt i Lom sentrum.

– Det er att ein del arbeid, men 1. mai opnar dørene, seier Hagen.

Sentral'n har i fleire år fungert som kafe og isbar - under namnet Kuba. Hagen skal halde fram det konseptet, men i tillegg servere middagsrettar basert på lokale råvarer.

Sentral'n har fått namnet sitt av di det i gamle dagar var telefonsentral i bygget. Før det har det vore bakeri i lokalet.