«I venners gode lag er livet godt» song Lomsklangen under sin dirigent Kristbjørn Rossehaug.

Og venane denne laurdag i tillegg til publikum på Brimibue, var koret for sjukehuset på Lillehammer – Koridor.

Det var Liv Tone Marstein Kveen, utflytta lomsjente frå Lia, som hadde teke med seg koret frå Lillehammer til ei helg i heimbygda hennar.

- Det er fint å møte eit anna kor, sa ho før dei to kora song for kvarandre og publikum.

Sjukehuskoret Koridor var fem år i fjor. Liv Tone Marstein Kveen fortel at koret vart starta som eit arbeidsmiljøtiltak. Blant kormedlemane finn ein dei fleste yrka på sjukehuset.

- Vi er eit lite minisjukehus, sa Marstein Kveen.

Ho fortel at koret har mange konsertar for pasientar og pårørande på sjukehuset, men at dei også tek turar utanom sjukehuset for å syngje. Slik som denne laurdagen i Lom.

Og det var gjestane som slapp til fyrst under sin dirigent Sjur Magnus.

Båe kora song i to omgongar, før dei avslutta med eit fellesnummer til slutt.

Ei triveleg stund for både korsongarar og publikum.