Det er fotografen Hans. Halvorsen Lie (1867-1918) som skal heidrast gjennom utstillinga som har fått namnet «Gudbrandsdalen i utvikling 1886-1918».

Fotografia er tekne i Gudbrandsdalen for over 100 år sidan.

Eit fotografi frå Fossbergom som nok er kjent for mange frå før, blir det største på utstillinga, i storleik 148x100 centimeter.

– Bildet er fullt av spennande detaljar, som ein kan oppdage på den store forstørringa, lokkar Maihaugen.

I år er det 100 år sidan Hans Halvorsen Lie døde. Utstillinga på Maihaugen er ei markering av dette og resultatet av eit ynskje om å lyfte fram ein verdifull og viktig del av Maihaugen si fotosamling.

Utstillinga viser fotografi frå bygginga av jernbanen gjennom dalen, portrett av ulike typer gudbrandsdølar, menneske i sorg og glede, kvardagslege ting, små og store gardar, setrer og kulturlandskap.

Over 30 av fotografia er i store førstørringar. Fleire blir vist på skjerm.

Utstillinga står til 6. september.