Skjelvet vart registrert klokka 20.01 torsdag kveld, og mange i Skjåk merka ei kraftig buldring i grunn og i hus. Det vart òg observert steinsprang både i Øybergsura og i Bispberget same tid.

Fjuken har fått meldingar om at ein også lenger aust i Ottadalen og i Bøverdalen merka skjelvet som risting.

Skjelvet, som vart målt til 4 på Norsars jordskjelvobservatorium, var av eit format som blir registrert ein til to gonger årleg i Noreg. Det seier avdelingsleiar ved Norsar, Dominik Lang, til Nrk.