Erik Trønnes, opphavleg frå Lom, har takka ja til stillinga som lensmann i Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt som omfattar kommunane Vågå, Lom, Skjåk, Lesja, Dovre og Sel.

Trønnes har dei fire siste åra fungert som lensmann i Sel og regionlensmann i Ottadalen.

Hovudkontoret i i Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt skal vere på Otta, med kontor i Lom og Dombås.

Fjuken har tidlegare skrive at kontora i Lom og på Dombås får redusert opningstid, og at passkiosken i løpet av året vil forsvinne.

Erik Trønnes fortel at Nord-Gudbrandsdal lensmannsdristrikt skal seksjonerast. Det vil seie  ei etterforskaravdeling med seksjonsleiar blir plassert på Otta og ein seksjon for orden og førebyggjande, der seksjonsleiar også skal sitte på Otta.  Leiargruppa skal vere samla på Otta.

- Seksjonsleiarstillingane blir lyst ut i desse dagar.  Etterforskarseksjonen vil få ansvaret for dei alvorlegaste straffesakene.  Vi blir organisert meir som ein mindre politistasjon, seier Erik Trønnes.

Han fortel at Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt vil få 30 tilsette, både sivile og polititenestemenn.

- Seksjon for orden og førebyggjande vil ha politifolk på Otta, Lom og Dombås.  Det blir arbeidd med felles vakt og beredskapslister. Vi ser også på moglegheit for samarbeid med Midt-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt, seier Trønnes.

Jon Gården, opphavleg frå Vågå, er tilsett som lensmann i Midt-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt.

Den nye lensmannen seier at alle dei seks kommunane i regionen skal ha same gode polititeneste frå alle tilsette i Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt.  Alle  ansatte vil nå måtte gjere teneste i alle dei seks kommunane etter kva som skjer, der politiet til kvar  tid  vil måtte  bistå,  samt drive førebyggjande arbeid etter ynskje og behov.

- Innbyggjarane i Nord-Gudbrandsdal skal få sjå meir uniformert politi ute på vegane og der kor ting skjer.  Vi ynsker å vere til stades i dei ulike kommunane på tider det erfaringsmessig skjer mest og samstundes vere til stades for publikum med fokus på førebyggjande teneste, seier Trønnes.

Den nye distriktslensmannen seier at ei  omorganisering alltid vil vere utfordrande og smertefull for mange tilsatte.  Nokon vil miste faste arbeidsoppgåver, andre vil få lengre veg til arbeid.

- Ei omorganisering skal på sikt ha positiv effekt og eg er sikker på at vi skal få til god polititeneste for alle innbyggjarane i Nord-Gudbrandsdal når vi har alt på plass og i funksjon. Vi er heilt avhengige av å ha ein god dialog og kunne yte publikum den polititenesta dei forventar og ikkje minst  fortener, seier Erik Trønnes.