Tre statlege arbeidsplassar stod i fare for å bli borte i Vågå da Helfo i november i fjor varsla endringar av kontorstrukturen ved sine avdelingar.

Kontoret i Vågå som er lokalisert på ysteriet var eitt av 15 kontor som var føreslege lagt ned frå juli 2019.

Måndag denne veka behandla regjeringa saka, der dei vedtok at kontoret i Vågå skal vidareførast i inntil to år.

Regjeringa har i vedtaket lagt til grunn innstillinga frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Framtidig kontorstruktur i Helfo skal bestå av kontora i Mo i Rana, Ørsta, Sola, Tønsberg, Fredrikstad og Kirkenes.

Kontora i Brumunddal og Orkdal skal vidareførast i ei omstillingsperiode på inntil fire år.

Dei tilsette på Vågå-kontoret vart informert om vedtaket i dag, torsdag.

- Vi hadde eit ynskje om å  utsette prosessen i to år, ikkje avvikle med ein gong. Vi har ikkje råd til å miste ein einaste arbeidsplass. Vi har sett ein ein sentraliseringspolitikk i heile regionen der vi har mista mange statlege arbeidsplassar dei fire siste åra, seier ordførar Iselin Jonassen i ein kommentar.

FAKTA:Helfo er eit statleg forvaltningsorgan og har ansvar for ordninga med stønad og refusjon for utgifter til helsebehandling, legemidlar og andre utgifter som blir dekt av Folketrygda.