Både politi, brannmenn, redningsarbeidarar og lokale entusiastar var til stades for å markere lanseringa av det nye ambulansehelikopteret.

Det nye helikopteret er av typen Airbus H135 T3H og er ei vidareutvikling av det gamle helikopteret som har vore i bruk dei siste 10 åra. Helikopteret på dombåsbasen er det andre i rekkja av 15 nye luftambulansar som skal ut i drift i luftambulansetenesta, der målet er å få alle på plass innan 1. juni i år.

Helikopteret ser ganske likt ut på utsida, men har nytt og betre utstyr for å utføre jobben. Både betre nattsyn og ein langt meir avansert autopilot er noko av det som utgjer store forskjellar.

– Ein merkar forskjell. Alt er nytt og oppgradert, og det blir enklare for piloten, fortel pilot Geir Svevad.

Helikopteret har sterkare motor og kan difor takle tyngre løft. Det er også i stand til å lande med meir sidevind, noko som kjem godt med når ein skal hente pasientar på smale fjelltoppar.

I tillegg har helikopteret betre drivstoffkapasitet og kan nå lengre avstandar enn før.