Dei to unge karane jobbar for Hermod Skålsveen i Skogbygda i Vågå, som mellom anna tek på seg rydding av kratt og skog for gardbrukarar rundt omkring i distriktet.

130 mål skog

I ein månads tid har dei to karane hatt Skjåk som arbeidsstad. Her skal tre gardbrukarar rydde til saman 130 mål skog, for å få meir beite. Dei tre gardbrukarane er Lars Olav Holø, Mathias Holø og Tore Gjeilo.

Hermod Skålsveen fortel at oppdraga i Skjåk er ganske omfattande. Også arbeidskarane Ole Steinehaugen og Stig Ola Odnes kan skrive under på at det er ein omfattande jobb.

– Normalen ligg på mellom 20 og 30 mål på eit oppdrag. Dette er definitivt dei største oppdraga i vinter, fortel Odnes.

Effektive karar

I snitt greier arbeidskarane å rydde åtte mål om dagen med maskin og tømmerberar.

– Det kjem sjølvsagt litt an på. Her er det ein del variasjon i trea. Og når det er ein del smått attåt, så går det litt tråare. Terreng å vyrke er avgjerande for kor fort det går, seier Steinehaugen og Odnes.

Dei har båe jobba i om lag eitt år for Hermod Skålsveen, og trivst i jobben som skogryddarar.

– Sjølv om ein kanskje ikkje skulle tru det i ein slik jobb, så er det varierte dagar, smiler Stig Ola Odnes.

Går til fyringsanlegg

I løpet av denne veka blir skogryddarane ferdige hjå den fyrste gardbrukaren i Skjåk, og dei 50 fyrste måla med skog. Da tek dei fatt på dei 30 måla hjå nabogardbrukaren, før dei til slutt tek 50 mål litt lenger vestover.

Medan gardbrukarane får meir beite av skogryddinga, får Hermod Skålsveen vyrke som han leverer til Fjordane Bioenergi. Vyrket ender opp som flis til fyringsanlegg mellom anna på Otta og i Stryn.