Det fortel advokat Tor Kolden. Storøya camping ligg ute for sal frå konkursbu til ein pris av høgstbydande over 1,4 millionar kroner.

Advokat Tor Kolden fortel at det har vore fire interessentar til campingplassen så langt.

– Dette er både folk med lokal tilknyting og folk frå andre stader, seier Kolden.

Han fortel vidare at det har kome inn bod, men at dette er bod som ikkje har vorte akseptert av Sparebank 1 Lom og Skjåk, som er panthavar og skal ha pengane.

På bakgrunn av dette seier advokat Kolden at det framleis er mogleg å kome på bana om Storøya camping er av interesse.