Det er fullt i barnehagane i Skjåk. Det har mellom anna resultert i at tre ungar ikkje har fått plass i same barnehage som eldre sysken. Det har òg resultert i at Skjåk kommune ikkje har ledige barnehageplassar for tilflyttarar.

– Det er hektisk nok å vera småbarnsforeldre om ein ikkje skal vera nøydd til å forhalde seg til to barnehagar. Det unner eg ingen. Men eigentleg ser eg det som ei gladsak at vi har «for mange» ungar. Dersom vi ynskjer nye innbyggjarar, må vi få opp kapasiteten, sa Edel Kveen (Sp), som la fram eit forslag til vedtak som formannskapet samrøystes slutta seg til – med eit par små endringar.

Formannskapet i Skjåk rår kommunestyret til å auke kapasiteten ved å setja opp eit modulbygg inntil barnehageområdet i Bismo. Det heiter i innstillinga at kommunestyret må innhente anbod på leige av modulbygg og at rådmannen må koma med forslag til inndekning av totalkostnaden. Til neste kommunestyremøte må alle kostnader vera utrekna.

For kva vil det koste? Det var det ingen som hadde klåre svar på. Kommunalsjef Unnvald Bakke fortalde at det ikkje er mogleg å leige modulbygg berre for eitt år, ein må leige i to år om gongen.

– Og da ligg leigekostnaden på 336.000 kroner for to år. I tillegg kjem det kostnader med levering og montering - og framføring av vatn og straum og slike ting, opplyste han.

Moglegvis vil det òg koma ekstrakostnader som eit resultat av at bemanninga må aukast. Dermed var det ingen som kunne seia kor stor rekninga vil bli til slutt, men det fekk administrasjonen i oppgåve å rekne ut før sluttbehandlinga i kommunestyret.

Sevald Sperstad (Sp) uttrykte både tru og tvil.

– At vi har mange ungar som treng barnehageplass er positivt, men samstundes er dette ei skrekkeleg vanskeleg sak å ta midt i budsjettåret, ettersom kostnadsbildet er så uklart. Det kan hende det er rett å ta denne kostnaden, men det kan gå ut over andre ting, sa han.

Fleire i formannskapet peikte på at Skjåk er ein kommune som treng nye innbyggjarar. At ein har ledige barnehageplassar og at kommunen finn gode løysingar for dei som treng det, vil vera med på å byggje eit godt omdøme.

– Dette er ei skrekkeleg vanskeleg sak å ta midt i budsjettåret, sa Sevald Sperstad (Sp). Foto: Vigdis Kroken