Pengane vart løyvd av fylkesutvalet i Oppland tysdag, melder Oppland fylkeskommune.

Det er Langmorkje Almenning som har søkt om midlane på vegner av ein rekkje aktørar i Ottadalen.

I fjor vart det gjennomført eit forprosjekt for å sjå på moglegheita for å etablere seg som aktør på massivtremarknaden, gjennom å produsere element i massivtre - i hovudsak furu og med utgangspunkt i lokale råvarer.

Det er kommunane Skjåk og Vågå som har sete i førarsetet for prosjektet.