Det er NRK som denne dagen inviterer til ein landsdekkjande ryddedugnad i samarbeid med Hold Norge Rent.

Mottoet er: Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt.

Folkehelsekoordinator Mona Sveen i Vågå kommune tente på ideen, og nå blir både små og store i bygda oppfordra til å delta på denne nasjonale ryddedugnaden.

Sveen fortel at plastikk skal plukkast i ein pose, og anna søppel i ein annan pose.

Det vil stå plastikksekkar utanfor kommunehuset som ein kan leggje plastikk oppi. Ein får ekstra sekkar for plastikk på servicetorget.

Alle som leverer liste med namn, telefonnummer, kvar dei har plukka og kor mykje, er med i trekninga av eit gåvekort på tusen kroner.