Tidlegare i vinter vart det kjent at ei ekstern kvalitetssikring ikkje tilrår det både statens vegvesen, næringsliv og alle kommunar aust og vest om fjellet vil ha; ny trasé med nye tunnelar på fjellet mellom Skjåk og Stryn.

Møreforsking og firmaet Metier konkluderte med at det samfunnsøkonomisk vil vera det beste å utbetre eksisterande tunnelar.

Nyleg har kommunar og selskapet Gode Vegar, som arbeider for ny veg over fjellet, hatt møte på Stortinget for å legge fram saka. Med seg hadde dei mellom anna ei uttale frå Nettbuss Travel AS som driv ekspressbussane mellom Måløy og Oslo, og nattbussen til/frå Trondheim.

Strossing og utbetring av eksisterande tunnelar vil bety nattestengde tunnelar i fire år. Det ser busselskapet for seg kan få dramatiske konsekvensar.

– Vi fryktar eit ustabilt rutetilbod som vil variere sommar og vinter, men også auka produksjonskostnadar og reduserte inntekter som vi ikkje kan leve med, skriv marknadssjef Svein-Arne Vik i Netbuss Travel.

Ikkje berre kan nattestengde tunnelar bety slutten for nattbussane, men kanskje også for heile rutetilbodet med ekspressbussar som kryssar fjellet mellom aust og vest.

– Viss ein ikkje har økonomi i nattrutene så kan det også bli slutten på dagavgangane, seier Vik.

Dag- og nattbussane heng saman driftsmessig.

I fylgje Vik vil nattestengde tunnelar over fire år føre til ein meirkostnad på 25 millionar kroner med ferjekostnadar, fleire sjåførtimar, lenger distanse og fleire bussar. Ein estimerer også eit inntektsbortfall på opptil 14 millionar kroner i same periode.

– Meirkostnader og bortfall i denne storleiken er ikkje til å leva med i ein bransje med små marginar, meiner Vik.

Han peikar også på at ei oppgradering av dagens tunnelar ikkje vil redusere problema kring uvêr, skred eller skredfare. Desse problema vil vera akkurat som i dag.

– Er dette skremselspropaganda, Svein Arne Vik?

– Vi må i denne samanhengen bruke store ord. Det er mange scenario ein kan sjå for seg. Viss vegen blir nattestengt 6-7 månader i året må folk sjå seg om etter alternative reisemåtar, dei vil velja annleis og det vil få konsekvensar for oss og auka kostnadae og mindre inntekter vil det bli, seier han.

Vik seier òg at ekspressbussen er ei livsnerve for ottadølane, som det er for folk vest for fjellet.

– Skulle ekspressbussane bli borte må fylkeskommunen erstatte tilbodet. Det blir ikkje billig, seier han.

Ekspressbussane til Trondheim og Gardermoen/Oslo er det einaste daglege kollektivtilbodet «heilt fram» frå Ottadalen, Nordfjord og store delar av Sunnmøre.