Fylkesrådmannen er positiv. Han rår fylkesutvalet til å løyve inntil 1,6 millionar kroner til gjennomføring av prosjektet.

I fjor vart det gjennomført eit forprosjekt for å sjå på moglegheita for å etablere seg som aktør på massivtremarknaden, gjennom å produsere element i massivtre - i hovudsak furu og med utgangspunkt i lokale råvarer.

Aktørane er Sebb AS, Brun Bygg AS, Nordplan AS, Skjåk Almenning, Langmorkje Almenning, Skjåk kommune og Vågå kommune.

– Dette er eit viktig prosjekt for heile regionen. Det handlar om å styrke ei allereie etablert næring, det handlar om arbeidsplassar og det handlar om å satse grønt, seier regionrådsleiar Iselin Jonassen.

Fylkesrådmannen skriv i si vurdering av saka at samarbeid og samhandling er viktig for framtidig utvikling og verdiskaping.

– Dersom ein skal lykkast med bioøkonomien må ein sjå etter nye moglegheiter for å utnytte dei fornybare ressursane våre. Massivtre tek stadig nye marknadsdelar innan byggeri, men førebels er mykje av dette importert frå blant anna Østerrike og Sverige. Fjellfuru er ein stor ressurs i norddalen. Å sjå etter nye produkt for å skape større verdiar av denne ressursen er viktig for utviklinga i regionen, meiner fylkesrådmannen.

Regionrådsleiar Iselin Jonassen vedgår at ho er spent på behandlinga i fylkesutvalet tysdag.