Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på nettsida vår kvar laurdag.

Denne vekas jubilant er Tuva Prestjordet frå Skjåk. Ho blir ni år den 10. juni, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Tuva får helsing frå Ola, Ylva, mamma og pappa.