Gang- og sykkelveg langs fylkesveg 453 Skogbygdsvegen har vore etterlengta i mange av dei som bur og ferdast langs vegen.

Vågå kommunestyre vedtok i april i fjor Statens vegvesen sin detaljreguleringsplan for gang- og sykkelsveg, som da var redusert i høve til det opphavlege forslaget.

Eit bustadhus og eit uthus på ein eigedom skal rivast i samband med bygging av gang- og sykkelvegen.

Eigedomen er innløyst av Statens vegvesen på vegner av Oppland fylkeskommune.

Vågå kommune har gjeve Statens vegvesen løyve til riving av bustadhuset.

Det er Kristian Gården og Sønner AS som skal utføre arbeidet.

I handlingsprogram for fylkesvegar 2018-21, ligg det inne midlar for byggjestart av gang- og sykkelvegen i 2018.