I februar/mars 1992 sette Skjåk kommune ned ei nemnd for å utarbeide ein plan for musikkskule i Skjåk. Nemnda fekk i oppgåve å vurdere organisering, tilbod og bemanning av ein eventuell musikkskule.

Skjåk musikkskule

I 1993 vart Skjåk musikkskule starta opp. Birger Tangstad vart rektor. Han var også pådrivaren for å få etablert musikkskulen i bygda.

– Eg har nok skulda for at mange i Skjåk spelar, smiler Birger Tangstad.

Han vart tilsett som kommunal musikkleiar og organist i kommunen, og såg etter kvart at det vart svært populært med musikkskular rundt om.

– Da starta arbeidet med å utgreie og leggje fram planar for ein musikkskule i Skjåk, seier Tangstad.

Til å byrje med var tilboda toradar, trekkspel, fele og piano. Så vart skulen gradvis utvida med nye tilbod. I 1995/1996 vart pop og rock ein del av musikkskulen i Skjåk. Her var Stian Bøhle sentral som lærar. I dag er han fungerande kulturskulerektor, i tillegg til å undervise.

– Ei fantastisk reise

Birger Tangstad var rektor for Skjåk musikkskule i sju år. I 1999 tok Oddrun Kvalheim over.

– Eg var utdanna musikkterapeut og jobba i Oslo som musikkpedagog. Eg fekk ein telefon frå skulesjefen med spørsmål om å ta over rektorstillinga på musikkskulen i Skjåk. Eg sa at dersom eg fekk lov til å utvikle skulen til å bli ein kulturskule, så skulle eg takke ja, seier Oddrun.

I 2001 vart namnet på skulen Skjåk kulturskule.

Oddrun Kvalheim er framleis kulturskulerektor i Skjåk, og gjennom skulen sine 25 fyrste år, har det faktisk vore berre to rektorar.

– Dette har vore ei fantastisk reise så langt, seier Oddrun Kvalheim.

Ho trekkjer særleg fram det fine fellesskapet og dei stabile og dyktige lærarkreftene ved skulen.

– Vi har drege lasset saman, og sidan vi alle er svært opptekne av det vi held på med i kulturskulen, har det heile tida vore stor entusiasme, seier Oddrun Kvalheim.

Runa Aurmo, som har vore kulturskulelærar i 18 år, er samd.

– Det har vore utruleg flotte og lærerike år, seier Aurmo, og rosar særleg kulturskulerektoren.

Oddrun Kvalheim fortel at Skjåk kulturskule ligg langt framfor mange andre kulturskular, og har vore med på mange nasjonale prosjekt opp gjennom åra.

– Sjølv om skulen er liten, har vi fått vore med på utviklinga heile vegen, og det er eg utruleg glad for, seier Kvalheim.

Skjåk kulturskule har også heile tida hatt eit tett samarbeid med UKM.

Med alle dei ulike tilboda ved kultur-skulen i Skjåk har skulen i dag 220 elevplassar. Blant dagens tilbod finn ein mellom anna musikkopplæring, samspel, song, dans, visuell kunst, karusell idrett og kunst, minikarusell for 3-5 åringar, og musikk i byrjinga av livet. Skjåk kulturskule har i dag åtte dyktige lærarar.

Springbrett

Det er ingen tvil om at Skjåk kulturskule har vore eit springbrett for mange lokale kulturtalent. Blant alle elevane på Skjåk kulturskule gjennom 25 år, er det fleire som har kome seg opp på profesjonelt nivå. Blant desse må Trond Bersu og Bård Ove Kvalheim Fransson nemnast, der fyrstnemnde er trommeslagar i det kjende bandet «Highasakite», og sistnemnde i dag er utøvande jazzmusikar.

– Dette er eit bevis på at ein kan nå langt også om ein kjem frå mindre plassar, seier Birger Tangstad.

– Det er viktig å gjeva ungane og ungdomane i ein utkantkommune dei same moglegheitene som dei som bur i meir sentrale strok, seier Oddrun Kvalheim.

Ho fortel at ho har følt eit stort ansvar som rektor.

– For meg har det heile tida vore viktig å ha ein best mogleg kulturskule. Skjåk kulturskule er eit svært solid reisverk, med stort handlingsrom inni, seier Kvalheim.

Festframsyning

I kveld, fredag, blir det festframsyning i Utgard i Lom.

«Gullklokka» er namnet på framsyninga til Skjåk kulturskule i høve 25-årsjubileet. Produsent for framsyninga, Runa Aurmo, fortel at publikum kan vente seg ei variert framsyning fredag kveld.

– Gjennom i alt 16 innslag blir det song, musikk og dans frå kulturskuleelevar i alderen 3-17 år, fortel Aurmo.

Multitalentet Idunn Maria Brosset har laga historia som binder det heile saman. Brosset starta på kulturskulen i Skjåk allereie som 3-åring.

I alt medverkar 90 elevar i festframsyninga i Utgard, og i helga vart det arrangert «workshop» der det vart laga fellesnummer.