Gardstunet på Kvandalsvoll låg den gongen på vestsida av elva.

Det gjekk fleire store snøras denne vinteren. Om det var stort snøfall, stormar eller brå temperaturvekslingar som utløyste dei store snøskreda, veit vi ikkje. I boka «Snøskred i Norge» blir det konkludert med at det må ha vore eit vérlag som ramma ein heil region, ettersom det også gjekk store skred i Sogn og Fjordane. Verst var det i Stryn, der eit katastrofalt snøskred den 17. mars resulterte i 17 døde.

Seks dagar seinare vart det Kvandalsvoll i Bøverdalen sin tur.

Vinteren 1718 budde enka Siri Olufsdatter på Kvandalsvoll saman med fire umyndige born: Guttorm, Ellie, Kari og Marit. Dei hadde i tillegg tre tenestejenter på garden. Skredet kom den 23. mars. Den bratte skråninga ned dalen gav skredet stor fart. Garden vart fyrst treft av ein kraftig skredvind som knuste alt, deretter vart heile garden begrave i snø. «Alle Chreaturene blef bortte med folchene».

Eit nytt tun vart bygt opp att på motsett side av elva, der gardshusa står i dag, og Kvandalsvoll fekk nye eigarar.

Ei gamal kone i Sogn skal ha fortalt til Anna P. Bakkeberg at dei fann ein papirlapp på snøen da dei skulle leite etter dei åtte omkomne frå snøskredulykka. På lappen stod det: «Her ligger jeg nu kold og stiv, i laken svøpt foruten liv». Da dei grov der lappen låg, fann dei jenta. Jenta hadde truleg sete og rabla ned desse salmelinene akkurat da skredet kom.

På den gamle tunplassen stod det lenge ei tavle til minne om det store snøskredet. Minnetavla var laga med ei dobbel dør som skulle beskytte innhaldet mot vèr og vind. På utsida var det skrive: «Luk op den dør og læs det her skal du faa se hvad her er hendt». Innvendig står inskripsjonen: «Her døde 8 mennesker af sneskreden. Det skjede den 23. mars i det aar 1718. Og denne tavle er i senere tid opsat af Erik Olsen Qvandesvolden 1857».

Tavla vart etter kvart merka av vèr og vind – og til og med utsett for hærverk. Av den grunn vart minnetavla teke ned og oppbevart inne på noverande Kvandalsvoll. Der står tavla den dag i dag.

Kjelder:

«Snøskred i Norge», Astor Furseth

Årbok for Gudbrandsdalen, 1950