Dei fem elektrikarane Nils Ole Dagsgard, Rolf Rakstad, Håvard Morken Gartland, Lars Kristian Sperstad og Stig Arne Moen har alle kjøpt seg inn i selskapet Bismo Elektro AS. Dette selskapet har dei siste åra vore drive som eit konsulentfirma med liten aktivitet. Torstein Morken, som stod som eigar av selskapet, har òg kjøpt seg inn i det ein nå kan kalle nye Bismo Elektro AS.

I tillegg til dei seks på eigarsida, er Mikkjel Eggen tilsett som lærling.

– Vi skal inn att der Ottadalen Installasjon AS hadde kontor før, og det er godt. Vi er allereie i gang, marknaden ligg der – og telefonar og oppdrag strøymer på. Vi kjenner oss heilt trygge på at dette skal gå bra, seier dagleg leiar Rolf Rakstad.

Det er berre ei veke sidan elektrikarane vart oppsagt i Ottadalen Installasjon AS. At dei allereie nå har fått ei ny verksemd på føtene, er det mange som fortener ein inderleg takk for, seier dei.

– Det har skjedd mykje på stutt tid. Vi har kjøpt oss inn i Bismo Elektro AS, vi har fått svært god hjelp frå Skjåk Rekneskap, frå sparebanken, frå miljø- og næringsetaten i Skjåk kommune og ikkje minst frå distriktsansvarleg i Elektroskandia. Han kom til Skjåk for å hjelpe oss med nettbestillingar, kundetilgang og alt det andre vi måtte få orden på for å koma i gang. Vi vil òg nytte høvet til å takke kundane som har venta på oss denne veka. Dei har verkeleg smurt seg med tolmod, men nå er vi i gang! seier Rolf Rakstad.

Arbeidsstokken i Bismo Elektro AS seier seg glade for at skjåkbygda på nytt har fått eit elektrofirma. Det er det behov for, slår dei fast, ikkje minst på grunn av alle industribedriftene i bygda.

– Kva type oppdrag kan nye Bismo Elektro AS ta på seg?

– Alt mogleg. Landbruk, industri, bustad, hytte, fiber, alarm.

– Nedslagsfeltet er Skjåk?

– Ja, vi meiner at marknaden i Skjåk er stor nok. Vi har ikkje noko ynskje om å vera store, målet er å vera lykkeleg som liten. Samstundes er vi sjølvsagt opne for kundar frå nabobygdene. Berre slå på tråden, så tek vi ein prat, oppmodar dagleg leiar Rolf Rakstad.