Selskapet Besseggen 1743 trakk det lengste strået da Statens vegvesen lyste ut driftskontrakten av Gjendeosen og Reinsvangen. Bak selskapet står Harald Rune Øvstedal, eigar av Gjendebåten AS, og Tor Andvord, som driv butikk og fleire serveringsstader i Vågåmo. Nå er dei i full gang med å førebu seg til sesongstart.

Femårskontrakt

Det var Harald Rune Øvstedal som spurte Tor Andvord om å bli med og søkje om å få driftskontrakten på kiosken og parkering ved Gjendeosen.

– Eg har investert såpass mange kroner i ny båt, og for meg er det viktig at parkeringa fungerer godt, seier Øvstedal.

– Vi har knapt høyrt eit negativt ord om at vi fekk det, men vi har høyrt mykje positivt, seier Tor Andvord.

– Det er vanskeleg for andre å arbeide så tett opp mot Gjendebåten som vi vil gjere. Eg veit kor skoa trykkjer for min del, seier Harald Rune Øvstedal.

Kontrakten for å drifte kiosken og parkeringa er på fem år.

Parkeringsautomat

Årets sommarsesong blir den siste med parkering på Gjendeosen. Frå sesongen 2019 blir all parkering på Reinsvangen, der arbeidet er i full gang med å utvide plassen.

Øvstedal og Andvord har planar om å etablere eit nytt parkeringssystem med automatar.

– Det skal vere mogleg å setje frå seg bilen eit par timar utan å måtte betale for det, slik at folk frå bygda kan stoppe og kjøpe seg ein kopp kaffe. Folk skal kjenne seg velkomne, seier Andvord.

Dei to ynskjer å lage eit busstilbod mellom Bessheim, Maurvangen og Gjendeosen, med faste rutetider heile dagen.

Sjølv om all parkering i hovudsak skal bli på Reinsvangen, blir det framleis nokre plassar ved Gjendeosen. Her blir det 30 korttidsplassar og 27 plassar for fiskarar og rettshavarar.

Her ser ein for seg ei løysing med sesongkort for fiskarar og rettshavarar.

Lokalmat

Sjølv om det er planar for eit nytt bygg på Gjendeosen, skal kioskbygget stå i fem år til før det blir bygd nytt.

Innvendig er det full aktivitet om dagen, der snikkarar har rive ut den gamle disken og kjøkenet.

– Vi skal oppgradere til ein moderne kiosk, seier Andvord.

Han fortel at dei ynskjer å satse på ein miks av lokalmat og mat for folk i farta.

– Vi satsar på handmat. Folk skal kunne ta med seg maten når dei går ombord i båten. Ut over dagen vil vi gå frå kald til varm mat, seier Andvord.

– Målet er å supplere andre bedrifter i Sjodalen, ikkje konkurrere, seier Øvstedal.

Prate døl

Største oppgraderinga blir likevel toalett. Dei vil fjerne «utedoen» som står på parkeringsplassen og byggje nytt toalett inne. Dei vil bruke noko areal av den private delen for å gjere dette.

På spørsmål om kor mykje dei investerer i satsinga på Gjendeosen, svarar dei at det vil passere seks nullar. Med andre ord; over ein million kroner.

Kven skal drive kiosken og parkeringa er ikkje bestemt ennå.

– Eg ser for meg å rydde i kalenderen for å vere med her sjølv, men vi er avhengige av å ha med oss folk, seier Andvord.

Han seier at det vil vere behov for 15 personar for å drifte både kiosk og parkering.

Både han og Øvstedal ynskjer å bruke av arbeidsfolka sine, for å skape fleire heilårsstillingar.

– Vi håpar å få ein miks av lokale folk og andre. Målet er at dei som skal betjene kundane gjerne pratar døl, seier han.

Kioskdisken og kjøkenet er rive. – Vi skal oppgradere til ein moderne kiosk, seier Tor Andvord. Foto: Arve Danielsen