Den nye styreleiaren har bakgrunn frå hæren, han har vore direktør i Winge Reisebureau, marknadsdirektør ved Dermanor AS og generalsekretær i Norges skiforbund. Bakgrunnen er allsidig, noko han meiner kjem til god nytte i vervet som styreleiar i Visit Jotunheimen.

– Aksjonærane i Visit Jotunheimen er ulike og mangfaldige, og da ser eg det som ein stor fordel at eg sjølv har ein såpass brei bakgrunn, seier Rossing, som hadde sitt fyrste møte med Lom i 1968.

– Eg er godt kjend i området. Ein kan vel seia at det er fjell, natur, snø og is som er hovudinteressene mine.

Lasse Bjørn Rossing seier at han ikkje kjem til å vera ein «fjern» styreleiar. Han er innstilt på å koma til Lom for å vera med på alle styremøte.

– Det meiner eg er viktig, trass i at teknologien gjer det fullt mogleg å «vera med» på møte frå Oslo eller andre stader. Det er viktig for meg å halde tett kontakt med dagleg leiar, og det er sjølvsagt viktig å etter kvart bli kjend med dei ulike aksjonærane i selskapet.

Lasse Bjørn Rossing tek over styreleiarvervet etter Karin Bing Orgland.

Dagleg leiar Mari Wedum fortel at Visit Jotunheimen er i ei god, positiv utvikling. Selskapet hadde 38 aksjonærar ved oppstart i 2015. Nå er talet 53.

– Vi får stadig nye medlemar. I det siste har vi fått Brimibue i Lom, Aukrust gard og urteri, FjellEventyret i Skjåk og Gjendeguiden i Vågå. Vi er enormt glade for veksten og aktiviteten. Målet er å vekse jamnt og trutt, men kontrollert. Det er viktig å ta vare på alle aksjonærane, følgje dei opp, seier Mari Wedum.

Ny nettside er òg på trappene. Dersom alt går som planlagt, blir nettsida lansert i løpet av mai.

– Elles skal det vera turistinformasjon på Coopen i Lom i sommar, som før. Vi startar i juni og skal halde ope heilt til slutten av september, opplyser Wedum.