Riksveg 15 skal lappast på

242 kilometer veg får ny asfalt i Oppland. Riksveg 15 mellom Randen og Lom skal lappast på.

Asfalt: Fylkesveg 51 frå Randenhar tidlegare fått ny asfalt. I løpet av sommaren skal riksveg 15 frå Randen til Lom stadvis lappast på.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Riks- og fylkesvegar i Oppland skal asfalterast for 212 millionar kroner i år. 242 kilometer veg får nytt og tryggare dekke.

Dette opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Asfaltarbeidet vil skje frå slutten av mai til slutten av september.

Riksveg 15 skal stadvis lappast på mellom Randen og Lom, ei strekning på 23,8 kilometer.

I tillegg til riksvegar, skal i alt 185 kilometer fylkesveg i Oppland få ny asfalt. Oppland fylkeskommune brukar totalt 145 millionar kroner på dette.

- Inkludert i denne summen er 50 millionar kroner vi bestemte oss for å løyve ekstra for å sluttføre asfaltering av allereie igangsette prosjekt. Vi har prioritert mykje godt vedlikehald på flere viktige fylkesvegar, blant annet utskifting av stikkrenner, ny grøfting, utskifting av masse med meir, før vi nå asfalterer. God standard og auka trafikktryggleik er viktig for folk, og for oss som vegeigar, seier leiar av komité for samferdsel og trafikktryggleik, Anne Elisabeth Thoresen (Ap) i pressemeldingen.

Statens vegvesen utfører vedlikehaldsarbeidet på oppdrag frå Oppland fylkeskommune.