Det skriv arbeidsgruppa for utsmykking av nyskulen i eit notat som snart blir lagt fram til behandling i politiske fora.

Da Marlo skule vart bygt i 1924-25, budde kunstmålaren Ragnvald Einbu frå Lesja ein vinter i Skjåk. Han dekorerte alle dørene og fleire kateter i skulebygget, ei satsing som vart gjennomført for å gje skulen særpreg og eit kulturelt uttrykk som spegla verdiane i Skjåk-samfunnet på 1920-talet.

Dørene vart restaurert i 1960, av O. G. Bismo.

– Etter installeringa av ventilasjonsanlegg i Marlo skule i 1999/2000 har lufta blitt så tørr i bygget at måleria på dørene har lett for å krakelere i mykje større grad enn før. Vi meiner at alle dei måla dørene i Marlo skule må fjernast og takast vare på av Skjåk kommune. Desse dørene har betydd og betyr svært mykje for mange born og vaksne i Skjåk. Det vil vera eit sjansespel å la dørene følgje bygget når ein ikkje veit kven som skal inn der, eller kva bygget skal brukast til, skriv utsmykkingsnemnda, som ynskjer å nytte fleire av dei best ivaretekne dørene som dekorasjonar rundt om på den nye skulen. Gruppa peikar på at det same vart gjort i Vågå barneskule, som i si usmykking nytta seg av gamle dører frå Fredheim skule.

I notatet kjem det òg fram at utsmykkingsgruppa har engasjert Bjørn Krey, ein ung kunstnar i Lom.

– Han kan vera med «på laget», dersom kommunestyret vil. Han har vore på befaring to gonger på den nye skulen, sendt utsmykkingsnemnda eit utkast og vore med på møte med nemnda.

I både Marlo skule og Nordberg skule er det gamle plansjar som har vore og til dels blir brukt i dag, i undervisninga. Mange av desse har nydelege motiv, skriv utsmykkingsgruppa. Plansjane er utført av svenske kunstnarar fyrst på 1900-talet.

– Vi tykkjer at nokre av desse bør bli innramma og hengde opp på ein eller to stader i skulen. Vi kjem ikkje til å dekorere inne i klasseromma. Det må vera elevane og lærarane som bestemmer korleis det skal vera der.

Denne saka kjem til behandling i kultur- og oppvekstutvalet fyrstkomande tysdag. Rådmannen tykkjer det er arbeidd godt både i utsmykkingsgruppa og gjennomføringsgruppa, og rår politikarane til å løyve inntil 150.000 kroner til usmykking av nye Skjåk barne- og ungdomsskule. Midlane blir dekt innanfor kostnadsramma for byggjeprosjektet. Dersom det ikkje går, foreslår rådmannen å ta pengane frå disposisjonsfondet.