– Det er vi fenomenalt godt nøgde med. Nye Brimibue har vorte svært godt motteke som ei nyetablering på Bergom, seier styreleiar Simen Bjørgen.

Han er full av lovord om samarbeidet med andre bedrifter i Lom og regionen. Han er òg takksam for den store innsatsen dei tilsette i Brimibue har lagt for dagen og ikkje minst samarbeidet med huseigar Magnar Mundhjeld.

Trass i ein høg omsetnad, gjekk det fyrste halvåret med eit underskot på 150.000 kroner.

– I starten kjøpte vi alt vi hadde behov for av bord og stolar, knivar, gaflar, omnar og anna utstyr. Dei investeringane er gjort, så nå gler vi oss berre til å få drive eit heilt driftsår utan oppstartskostnadene. Da kjenner eg meg ganske trygg på at minus skal bli pluss, særleg med tanke på spennande planar, arrangement og samarbeidsprosjekt vi har med andre bedrifter i området i tida som kjem, seier styreleiar Bjørgen.

Etter generalforsamlinga i selskapet sist fredag er det kome inn tre nye styremedlemar. Ein av landets best kjende konditorar, Lars Lian, er ny i styret. Det same er Tor Ivar Furuseth frå Lemonsjøen fjellstugu og Arne Brimi.

Det er dei fire unge gründarane Ingun Lyngved, Trine Turtum, Tina Brimi og Dan-Robin Lervåg som eig alle aksjane i selskapet.

Nye Brimibua vart opna 17. juni i fjor.