Musikkvideoen Gjendine er produsert av Mette og Vegar Vårdal i Kultivator AS i Vågå.

Kortfilmen som er regissert av Signe Fuglesteg Luksengard frå Leveld i Hallingdal. Filmen er hennar debut som regissør for ein musikkvideo.

Nå er Gjendine tatt ut til konkurranseprogrammet på kortfilmfestivalen i Grimstad 13. -17. juni. Filmen skal også visast på Jørn Hilme-stemnet på Fagernes 8. - 15. juli.

- Det er ei stor stor ære å bli tatt ut til kortfilmfestivalen i Grimstad. Det var påmeldt 90 ulike musikkvideoer, og det er ei anerkjenning å få vere med på programmet. Dette er Norges viktigaste festival for kortfilmar, og ein stad der både nasjonal og internasjonal bransje møtest, skriv Mette og Vegar Vårdal i ei pressemelding.

Musikkvideo er ein kjent sjanger innenfor populærmusikken, det finst ikkje like mange innan folkemusikk.

- Det er difor ekstra stas å få vise filmen under Jørn Hilme-stemnet, og vi håpar det kan bidra til at vi får mange fleire produksjonar i miljøet framover, skriv Vårdal.

Musikken på kortfilmen er henta frå "Ikkje ver blug, kyss meg", eit bestillingsverk til Landskappleiken i Vågå i 2016 og utgjeve på Grappa i 2017.

Lydsporet er sett saman av voggevisa til Gjendine Slålien frå Bøverdalen som Edvard Grieg har gjort verdskjent. Melodien er nykomponert av Vegar Vårdal med tekst inspirert av Edvard Storm sitt dikt "Stevnemøte på Fjossjelle".

Gjendine er ein kortfilm om fortid og framtid, og om å dele eit langt liv med nokon ein er glad i. Det er dei små tinga og kvardagen som knyter saman minne og glede i Signe Fuglesteg Luksengard sin film.

Det var Frøydis og Ivar Schjølberg frå Vågå som hadde hovudrolla i filmen.