Det er i alle fall innstillinga frå rådmannen i Lom. Formannskapet skal ta stilling til saka fyrstkomande tysdag.

I konsesjonsvilkåra for Tessereguleringa går det fram at konsesjonær skal betale inn eit årleg beløp på 100.000 kroner til Lom kommune. I vedtektene heiter det at fondet skal nyttast til tiltak som kjem inn under området «fisk, vilt og friluftsliv». Det kom inn tre søknader for 2018, og alle kan belage seg på å få nokre kroner.

Rådmannen rår formannskapet til å løyve inntil 26.775 kroner til Brimi Fjellstugu, på vegner av Brimi Fjellstugu AS, Brimi Gard & Sæter AS og Garmo IL. Desse har i fellesskap planar om å utarbeide og trykke eit turkart for området Tesse-Garmo.

Norsk Ornitologisk Foreining har søkt om støtte til oppføring av eit fugleobservasjonstårn ved Tesseosen/Ostjønne, og rådmannen rår til å løyve 75.000 kroner til dette tiltaket. Det heiter i innstillinga at det er eit vilkår at tårnet blir sett opp i Lom kommune, det vil seia på vestsida av Tesseosen.

Vårdalen beitelag har planar om å setja opp ei open tilsynsbu på Eklesæterfjellet, og rådmannen rår til å løyve 100.000 kroner til dette.