Politiske utval i Skjåk:

Det blir samanslåing

To utval blir til eitt.

Samanslåing: Politiske utval blir slått saman i Skjåk.  Foto: Illustrasjon/arkiv

Nyheiter

Kommunestyret i Skjåk vedtok like før påske å slå saman hovudutvalet for kultur og oppvekst - og hovudutvalet for helse og omsorg til eitt.

Det nye utvalet får namnet «Hovudutval for helse, oppvekst og omsorg». Vedtaket vart fatta med 17 mot 3 røyster. Det nye utvalet får sju medlemar ut kommunestyreperiode 2015-2019, men i neste periode skal medlemstalet reduserast til fem.