Statens vegvesen, Turistvegseksjonen, inviterer til open tilbodskonkurranse og søkjer entreprenør med det rette faglege, tekniske og økonomiske grunnlaget til å fullføre attraksjonspunktet Flye 1389.

Prosjektet gjeld bygging av eit sørvisbygg og ein stor parkeringsplass på toppen av Valdresflye, der ungdomsherberget stod.

Målet med utbygginga er å gje dei vegfarande eit betre sørvistilbod og betre parkeringskapasiteten for publikum på ski- og fotturar.

Sørvisbygget er delt i to av eit portrom. Nord for portrommet ligg kafé, salsareal og kjøkken. Sør for portrommet ligg toalettanlegg, teknisk rom og overnattingsrom for tilsette. Inntil bygget ligg to tilrettelagte områder for uteservering og rast.

Parkeringsplassen er utforma som eit sirkulært kjøreareal med oppstillingsplass for bilar og bussar.

Anlegget skal etter planen stå ferdig hausten 2019.

Arkitekt for bygget er Knut Hjeltnes arkitekter. Frist for å melde inn tilbod er 23. mai.

Modell av Flye 1389. Foto: Arkitekt - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL